Vind

Vind og temperatur er viktige faktorar å tenke på når du planlegg aktivitetar på sjøen.

Vêrmeldingane er ofte upresise når det gjeld vind, og dei tek ikkje omsyn til lokale forhold.

Ved å sjå på lokale observasjonar saman med vêrmeldingane, kan vi danne oss eit betre bilde.

No kan du sjå vindretning, vindstyrke og lufttemperatur i fjorden utanfor Helland 🙂 http://holfuy.com/no/data/504 Målaren er plassert på Feøya og sender data annakvart minutt, så her er det ferske tal 🙂 Historikk inntil fem døgn finn du lenger ned på sida.

NB: Pga. eit stort tre ikkje så langt frå målaren viser den for lite på sør- og vestleg retning, kanskje også fleire retningar.

vindmaler1

App

Holfuy-app

Det er gratis å laste ned og bruke app’en «Holfuy», og med den kan du lett samanlikne vind og temperatur med Spjelkavika, Tusten, Hustadvika og mange andre stader.

Andre tenester

Når det gjeld vindvarsel kan det vere klokt å sjekke ut windytv.com Her kan du òg laste ned gratis app.

Pent.no viser både storm.no og yr.no på ein oversiktleg måte. Yr melder ofte meir vind enn Storm, men eg opplever ofte at Storm er mest realistisk når det gjeld vind.

Opplevd temperaturBasert på vind og temperatur seier vindmålaren noko om opplevd temperatur, men merk at den IKKJE tek omsyn til nedbør. Som vi veit blir vi mykje fortare kald når vi blir blaute. Tenk òg på temperaturen i sjøen når du vel tur og kle! Tips: Meld fra kor du dreg og når du kjem tilbake.

God tur!

Kommenter innlegget