Straum

Tidevasstraumen inn og ut av Flatevågen kan vere så sterk at vi ikkje greier å padle mot han. Da kan vi bere kajakken, eller vi kan vente. Etterkvart vil du erfare at det er stor forskjell på kor i straumen du padlar. Padling i Vestnesstraumen kan vere spanande, utfordrande og veldig kjekt 🙂 Men to råd: Bruk hjelm og ikkje stress.

Når det flør, altså går mot flo, går straumen innover. Når det fell, altså går mot fjære sjø, går straumen utover. Fordi det er små elver som renn ut i Flatevågen er det meir vatn som skal ut enn det som kom inn, altså sterkare straum. Det er mykje som påverkar tidevannet. Spesielt interesserte kan lese meir på kartverket.no

Her finn du tidevanntabellen for Helland, men OBS! Flatevågen ligg eit par timer etter. Det betyr f.eks. at om tabellen viser flo klokka 18, så er det først om lag kl. 20 at nivået er på det høgste i Flatevågen og straumen snur frå inn til ut.