Kurs

Enten du aldri har padla før, har litt erfaring eller har mange timar i kajakken kan det vere klokt med eit kurs! Grunnkurset er på 16 timar og gir Våttkort Hav frå Norges PadleForbund.

Hovedfokus på kurset vil vere grunnleggande padleteknikkar og tryggleik, mellom anna kameratredning og eigenredning. Dette er IKKJE eit kurs i eskimorulle, men om du er interessert kan du sjølvsagt få prøve. Ring tlf. 47 09 64 78 om du vil vite meir om innhaldet i kurset.

 
Ta på eller med:
  • Badekle
  • Ullundertøy (overdel + underdel)
  • Ullsokkar
  • Lue
  • Vindtett jakke
  • Drikkeflaske/varm drikke på termos
  • Sjokolade eller noko anna som gir energi
  • Caps
  • Solbriller?
  • Solkrem?
  • Handduk
  • Tørt skift som du kan ta på når padleøkta er ferdig.
  • Plastpose/søppelsekk til blaute kle (ullundertøy, våtdrakt m.m)
Pris kr. 1100,- per person. Rabattar for ungdom og familiar, sjå påmeldingsskjema. Prisen dekker lån av utstyr (kajakk, åre, spruttrekk, pumpe, padlevest, våtdrakt, neoprenhette, neoprensko), varm lunsj og Våttkort frå Norges Padleforbund 🙂
 
 
 
Under våtdraktane tilrår eg badetøy og ullundertøy. 
 
 
 
Ulike kajakkar kan vere svært ulike å padle med. Dersom du har eige utstyr tilrår vi å bruke det slik at du blir best mogleg kjend med det utstyret du skal bruke til vanleg.
 
 
Kurset er i regi av KRIK Vestnes, og kurset er opent for alle ungdommar og vaksne. Det er berre 10 plassar på kvart kurs, så alle skal få tett oppfølging. Instruktørane stiller gratis og inntektene fra kurset går uavkorta til KRIK Vestnes.
 
 
Oppmøte: Ved Vestnes kommune sitt naust i Kråkvika. Nærmaste parkering er ved Myra 84. Alternativt kan du parkere ved bubil-parkeringa ved stadion. 
 
 
 
 

Neste grunnkurs:

14.-15. juni 2025. Trykk her for påmelding.