Felles-padling

Fordi det er gøy, lærerikt og tryggare enn å padle åleine legg vi opp til noko fellespadling. Datoane for 2020 er dessverre enda ikkje klar.

Oppmøte ved naustet på Vestheim eller ein annan stad vi blir einige om. Du treng IKKJE vere i super-form eller ha masse erfaring, men du må ha padla litt før. Grunnkurs hav er eit glitrande utgangspunkt (ta kontakt på tlf. 47 09 64 78 dersom du ønskjer kurs).

Padlinga skjer sjølvsagt på eige ansvar og er gratis.

Vi tilpassar turen etter ønska til dei som er med og veret. Fokus vil vere tur og trivsel 🙂

Dersom du treng å låne kajakk eller noko anna, ta kontakt på tlf. 47 09 64 78 i god tid. Du må sjølv ta med klær, mat og drikke.

NB: Det kan bli endringar! Meld deg derfor inn i facebookgruppa «Kajakkpadling på Vestnes» https://www.facebook.com/groups/1081150418589824/

Dette blir kjekt!

Beste helsing frå Asle Klock